Info om Røldalstunnelen og Haukelitunnelen

Fullføring av oppgradering våren/sommaren 2008

Arbeidet startar i Røldalstunnelen den 13. mai og tunnelen blir stengd mellom klokka 20.00 og 06.00. All trafikk blir sleppt gjennom i kolonnar til faste tider:

Frå aust (Hordadalen) kl. 22.45, 01.10 og 04.45.
Frå vest (Seljestadjuvet) kl. 23.00, 00.55 og 05.00.
I helgene er tunnelen open mellom klokka 06.00 laurdag til klokka 20.00 søndag. Eventuelle endringar utover sommaren vil bli annonsert og kome på e-post til det faste nettverket.

NB: Det vert ikkje arbeid i tunnelen natt til 17. mai, og det vil seie at tunnelen er open frå 16. mai kl. 06.00 til 18. mai kl. 20.00.

Så snart det let seg gjere grunna snøtilhøve, vil personbiltrafikken kunne ta gamlevegen over Røldalsfjellet i bruk. Her er avgrensingar: Max vekt 3,5 tonn og max breidde 2 meter.

Arbeidet i Haukelitunnelen startar i juni, her vil all trafikk bli ført i kolonnar kvar time på gamlevegen over Dyrskar og tunnelen blir stengd.

For meir info ring tlf. 175, sjå på vegvesen.no, vegmeldingane eller /haukelitunnelane.

Publisert
Kategorisert som Blogg

Av Anders Ekkje Slettebø

Anders er en 80-modell som bor i Sandnes. I det daglige jobber han som webanalytiker i Webstep. Når han ikke jobber henger han med samboer, to barn og hund.